2. november 2016

Påmelding

Fjell og storslått natur er to av stikkorda når Ørsta Fjellmaraton vert arrangert for 7. gang. Med både halv- og heilmaraton er dette meint å vere ei oppleving for både løpeglade og turglade deltakarar.

Bli med på moroa og meld deg på landets billigaste fjellmaraton.

Dato er laurdag 17. juni 2023

Korona informasjon: Smittevern tek vi på høgste alvor. Vi klarte å avikle løpet både i 2020, 2021 og 2022 med gode tilbakemeldingar, så føler oss ganske trygge på at vi med dei same smittevernstiltaka vil klare å avvikle løpet også i 2023.


Slik melder du deg på:

1. Skriv følgande i ein epost til post [alfakrøll] orstafjellmaraton.no

  • Fullt navn
  • Alder
  • Klubb/Bedrift (eller heimstad)
  • Distanse: Halvmaraton (21,1km),  Heilmaraton (to runder, 42,2km) eller Kort løype (7,2km)
  • Konkurranse eller mosjon (sjå beskrivelse nedanfor)

2. Betal startkontingent (Halv/heilmaraton: 150,- / Kort løype: 100,-) til konto 3991 08 69357. Eller du kan vippse til telefon 91617078.

 


Vi har fleire startar for at flest mogleg skal kome i mål på ca. samme tid, uavhengig av fysisk form og distanse.

  • Halvmaraton 21km, konkurranse
    For alle som har det travelt og vil springe i lette parti, og som likar å presse seg i motbakkane.
    Start kl. 12.00
  • Halvmaraton 21km, mosjon
    For dei som har god tid og vil gå heile eller mesteparten av distansen.
    Start kl. 10.00
  • Heilmaraton, 42 km
    To runder á 21 km. For dei tøffaste av dei tøffe.
    Start kl. 09.00
    (Det går også ein tidlegstart kl. 08.00 for dei som trur dei brukar meir enn 6-7 timar)
  • Kort løype, 7,2 km
    Følger starten av den ordinære løypa heilt til Brekkesetra (via Brekkeheida). Men i staden for opp Kråkenakken går ruta ned den hellebelagte stien hellevegen og tilbake til mål.
    Start kl. 12.30

PS. Usikker på kva distanse du skal velge? Du kan endre distanse undervegs. Er beina lette og humøret på topp, så ta laust på runde to for å virkelig imponere deg sjølv og andre! Har du ikkje dagen kan du stå av etter ei runde og få fullført halvmaraton sjølv om du i utgangspunktet var påmeldt full distanse.

Ved passering halvvegs på maratondistansen så snur vi retning, både for variasjonens del, men også for å gjere løpet meir sosialt då du vil møte andre deltakarar på returen. Vi har helse og heieplikt når du møter andre deltakarar!

Dette blir kjekt. Vi gler oss!

Start!
Vi har både tidlig og sein start. Dette er start i konkurranseklassa 2016, dei med hastverk 😉

Tidleg start
Mange går heile eller mesteparten av løypa, men ein god spurt for å imponere fotografen høyrer sjølvsagt med!

Studering av løypekart
Alle som vil, får løypekart utdelt før start.