temp

Etter onsdag 9. juni har startkontingentane auka, sjå oppdaterte prisar ovanfor. Desse prisane gjeld også for påmelding ved start. Seinast 20 minutt før starten går.

Merk at vi ikkje garanterer påmelding ved start, med bakgrunn i smittevernreglane så har vi satt ei max grense på 180 deltakarar. Når det er fullt så er det fullt.

Fjell og storslått natur er to av stikkorda når Ørsta Fjellmaraton vert arrangert for fjerde gong. Med både halv- og heilmaraton er dette meint å vere ei oppleving for både løpeglade og turglade deltakarar.

Bli med på moroa og meld deg på landets billigaste fjellmaraton.

Dato er laurdag 20. juni 2020

Korona informasjon: Ørsta Fjellmaraton kjem til å bli arrangert! 😊🏃🏼‍♀️🏃‍♂️ Myndigheitene har åpna opp for idrettsarrangement med inntil 200 deltakarar. Vi tar smittevern på alvor og vil følge dei råd og retningslinjer som gjeld, det skal være trygt å delta på vårt arrangement. Meir info om dette kjem. Dersom korona situasjonen blir forverra og myndigheitene på nytt stenger ned, så vil fjellmaratonen bli arrangert som «Strava løp».

Sjå her for meir informasjon vedr. korona og årets arrangement.

Korona informasjon: Ørsta Fjellmaraton kjem til å bli arrangert! 😊🏃🏼‍♀️🏃‍♂️ Myndigheitene har åpna opp for idrettsarrangement med inntil 200 deltakarar. Vi tar smittevern på alvor og vil følge dei råd og retningslinjer som gjeld, det skal være trygt å delta på vårt arrangement. Meir info om dette kjem. Dersom korona situasjonen blir forverra og myndigheitene på nytt stenger ned, så vil fjellmaratonen bli arrangert som «Strava løp».

Vi må sette ei maksgrense på 180 deltakarar. Det har kome mange påmeldingar den siste tida, og det er vi glade for! 👏👏 Men både myndigheiter og praktiske omstende krev at vi begrensar antall deltakarar. Skal du vere sikra plass er det derfor lurt å melde seg på NO. Enten du vil springe kort løype (7,4km), halvmaraton eller full maratondistanse. Meld dykk på no 🏃‍♀️🏃‍♂️ før det blir fullt 🙂

Vi følger dei smittevern retningslinjer som gjeld. Korona situasjonen ser i dag bra ut med tanke på vårt løp, men det kan skje at landet på nytt blir nedstengt, eller at ei forverring gjer at retningslinjer for smittevern blir stramma inn. Om vi kjem i ein slik situasjon at vi ikkje kan, eller får lov, til å arrangere løpet slik vi ynskjer, så vil Ørsta Fjellmaraton 2020 gå som eit «Strava-løp». Då gjennomfører alle på eiga hand når dei vil, mellom 19. og 28. juni, og registrerar tid på trenings-appen Strava. Meir info kjem om det blir aktuelt. I eit slikt scenario vil vi merke løypa like godt som vanlig, med skilt og raudmaling osv. Det skal være like enkelt å finne veien som det ville vore på eit ordinært løp. Og det blir sjølvsagt mykje heider og ære til vinnarane i dei forskjellige klassene 🏆

Ørsta fjellmaraton er Norges klart rimeligaste halv- og heilmaraton, det er idealisme og ikkje profitt som driv oss. Så ved eit Strava løp blir ikkje startkontigent refundert (150 kr) då disse pengane går til drifta av løpet, og for at vi skal kunne fortsette å arrangere også dei komande åra. Dette er altså berre dersom korona situasjonen hindrar oss.


Pga korona/smittevernsreglar har vi i år blitt nødt å sette ei max grense på 180 deltakarar. Det er fortsatt ledige plassar, men vær rask for å sikre deg plass!

Slik melder du deg på:

1. Skriv følgande i ein epost til post [alfakrøll] orstafjellmaraton.no

  • Fullt navn
  • Alder
  • Klubb/Bedrift (eller heimstad)
  • Distanse: Halvmaraton (21,1km),  Heilmaraton (to runder, 42,2km) eller Kort løype (7,2km)
  • Konkurranse eller mosjon (sjå beskrivelse nedanfor)

2. Betal startkontingent (Halv/heilmaraton: 150,- / Kort løype: 100,-) til konto 3991 08 69357. Eller du kan vippse til telefon 91617078

OBS! Startkontingenten aukar snart. Etter onsdag 10. juni aukar startkontingenten til 250,- (for halv/heilmaraton). Dette gjeld også ved påmelding ved start. Seinast 20 minutt før starten går. Kort løype kostar 100,- uansett.

Merk at vi ikkje garanterer påmelding ved start, med bakgrunn i smittevernreglane så har vi satt ei max grense på 180 deltakarar. Når det er fullt så er det fullt.

OBS! Førehandspåmeldinga er stengt, men du kan melde deg på ved start. Vi har ledige plassar.


Vi har fleire startar for at flest mogleg skal kome i mål på ca. samme tid, uavhengig av fysisk form og distanse.

  • Halvmaraton 21km, konkurranse
    For alle som har det travelt og vil springe i lette parti, og som likar å presse seg i motbakkane.
    Start kl. 12.00
  • Halvmaraton 21km, mosjon
    For dei som har god tid og vil gå heile eller mesteparten av distansen.
    Start kl. 10.00
  • Heilmaraton, 42 km
    To runder á 21 km. For dei tøffaste av dei tøffe.
    Start kl. 09.00
    (Det går også ein tidlegstart kl. 08.00 for dei som trur dei brukar meir enn 6-7 timar)
  • Kort løype, 7,2 km
    Følger starten av den ordinære løypa heilt til Brekkesetra (via Brekkeheida). Men i staden for opp Kråkenakken går ruta ned den hellebelagte stien hellevegen og tilbake til mål.
    Start kl. 12.30

PS. Usikker på kva distanse du skal velge? Du kan endre distanse undervegs. Er beina lette og humøret på topp, så ta laust på runde to for å virkelig imponere deg sjølv og andre! Har du ikkje dagen kan du stå av etter ei runde og få fullført halvmaraton sjølv om du i utgangspunktet var påmeldt full distanse.

Ved passering halvvegs på maratondistansen så snur vi retning, både for variasjonens del, men også for å gjere løpet meir sosialt då du vil møte andre deltakarar på returen. Vi har helse og heieplikt når du møter andre deltakarar!

Dette blir kjekt. Vi gler oss!

Start!
Vi har både tidlig og sein start. Dette er start i konkurranseklassa 2016, dei med hastverk 😉

Tidleg start
Mange går heile eller mesteparten av løypa, men ein god spurt for å imponere fotografen høyrer sjølvsagt med!

Studering av løypekart
Alle som vil, får løypekart utdelt før start.