Reise og overnatting

I rundkjøringa i Ørsta sentrum (ja vi har berre ei rundekjøring!), følg skilting mot Sæbø. Etter ca. 5 km kjem du til ein 90 graders høgresving over ei gammal, smal bru med berre eit kjørefelt. Du skal IKKJE over brua, men kjør rett fram, skilting mot Follestaddalen. Ein kilometer seinare er du framme. Adressa er Follestaddal 99, 6156 Ørsta, om du ynskjer å bruke GPS.

Overnatting

Vi vært ekstra glade når deltakarar kjem reisande frå andre delar av landet for å bli med på løpet vårt. Ørsta har både flyplass (Widerøe) og gode buss forbindelsar både nordover og sørover.

Brudavollen hytte utleige ligg i gangavstand frå start/målområdet og tilbyr billig og spektakulær overnatting. Mellom anna kan du overnatte i eit stabbur!

Andre overnattingsmuligheiter:

Hotell Ivar Aasen

Sagafjord Hotell

Standal Hytteutleige

Ørsta Camping

Standalhytta (DNT hytte)

Volda Turist Hotell