Velkomne til det sosiale løpet utan startnummer
Heilt frå den spede starten i 2016 har vi halde oss til suksessoppskrifta vår, å arrangere eit lavterksel løp med eit fåtal funksjonærar og utan startnummer, sponsorar eller premiar. Eit løp for deg som verdsett ei sosial og uhøgtidleg ramme i lag med andre likesinna som også elskar å løpe. Dette er truleg grunnen til at vi har ein usedvanlig høg prosentandel kvinnelige deltakarar. Og truleg også grunnen til at så mange kjem tilbake år etter år. At vi har hatt eit fleirtal damer i trimklassa er berre heilt fantastisk!
Tidtaking gjer vi enkelt, dei raskaste har vi kontroll på men dei som ikkje er like opptatt av tid og plasseringar får sjølve ansvaret for å skrive ned rundetid og sluttid. Men vi hjelper til. Ørsta Fjellmaraton er eit sosialt løp for alle, både dei som vil kjempe om seieren og dei som sett pris på den uhøgtidlege ramma og den gode atmosfæra vi har hatt på løpet kvart år sidan 2016.
Dette er Norges billegaste maraton! Det er grunntanken vår, dette skal være billeg og morro for alle som likar å løpe.
Ved tidleg påmelding kun 150 kr for halv eller heil maraton, uansett alder. Vi har heller inga aldersgrense. Vi anbefaler deltakarar under 13 år og springe saman med ein vaksen.
Tre distansar
Ørsta fjellmaraton har tre distansar:
- Halvmaraton (ei runde á 21,1km og 1350 høgdemeter)
- Heilmaraton (to runder, totalt 42,2km og 2700 høgdemeter)
- Kort løype på 7,2 km.
Mat og drikke
I samarbeid med gode hjelparar vert det ein drikkestasjon ved Mosetra (halveis i runda), men ellers må deltakarane vere sjølvforsynte med mat og drikke undervegs. Ein finner fleire gode vasskjelder langs løypa.
Arrangøren vil stille med gratis drikke og digg ved runding/mål (Cola, seigmenn, kjeks, vann, saft). Og vi har også enkel kiosk med salg av varm mat og drikke.
For dei som skal springe heilmaraton så anbefalar vi å ha ein sekk med mat og drikke ved start/mål/runding, slik dykk kan fylle opp sekken halvvegs, eventuelt bytte litt kle og sko. Når ein kjem til runding snur vi retning og spring runde to motsett vei. Dette gjer vi for at deltakarane skal møte på kvarandre og gjere løpet meir sosialt. Vi har helse og heieplikt når du møter andre deltakarar! 🙂
Om løypa
Løypa for halvmaraton og heilmaraton er lik, men sistnevnte snur etter ei runde og sprng motsatt veg tilbake. Der vil dei møte deltakarane på halvmaraton (som startar seinare).
Løypa går hovedsakleg på god sti og skogsvei. Vi merkar løypa i viktige kryss og parti der stien kan være utydelig. Løypekart med beskrivelse blir utdelt før start, og det vil også bli gitt ein muntleg gjennomgang før startskuddet går.
Start og mål er på gardstunet til Arve og Stine på Barstad i Ørsta kommune. Løpet startar på tunet og vi spring først opp skogsveien til Hellevegen, og følger denne flotte hellebelagde stien vidare oppover. Etter ei lita runde via utsiktpunkta på Brekkeheia (det er lov å nyte utsikta!), tar vi av ved Brekkesetra og fylgjer ein bratt sti opp til Kråkenakken (496moh). Frå Kråkenakken blir utsikta svært vakker! Omkransa av majestetiske tindar på alle kantar, og med flott utsyn over Ørsta sentrum og utover fjorden. Frå Kråkenakken snor stien seg raskt vidare mot Grøthornet (747moh). Her kan vinden ofte vere litt sur og kald, men utsikta over nesten heile Sunnmørsalpane tar den lille pusten du har igjen etter å ha slukt 750 høgdemeter. Vidare går stien litt nedover før den stig opp mot løypas høgaste punkt, Sandhornet (909m). Her er det lov å stoppe opp litt og hive etter pusten mens du nyter den fantastiske utsikta. Nærheita til Saudehornet, Kjerringa, Vassdalstinden og Kolåstinden er spektakulær!
Så ber det bratt utfor toppen av Sandhornet, før stien flatar ut og snor seg bortover høgfjellet, og til slutt knekk oppover mot rundas siste fjelltopp, Rambjørhornet (804m). Før ein kan snu tilbake og ned mot Fyldalsheida, må alle heilt opp og rundt varden på toppen. Vi kjem etter kvart inn på en svært god sti ned mot Mosetra (300m). Det flotte kulturlandskapet som omkransar setra, gjer at dei fleste ber ei lita bønn for at bøndene ikkje skal legge ned.
Frå Mosetra fylgjer vi først setrevegen 1 km slakt ned mot Ørsta, her er det fint å lange ut stega mens vi kikker opp på dei bratte fjellsidene som omkransar dalføret. Dei neste 4km følger vi først gamle setrevegen og så stien gjennom det populære turområdet Daleteigane.
Litt før vi kommer til bebyggelse tar vi inn på ein god sti opp mot Kanalveien (her merkar vi). Dette er ein turveg som fylgjer avskjæringskanalen over husa på Øvre Mo. Vegen endar brått og går over i ein sti gjennom tett granskog og små åpne lysninger. Ut av intet dukker skogsvegen opp igjen. Etter lett kupert terreng i ca 1,5 km, tar vi av til venstre og spring bratt oppover. Her stiger det ca. 160 høgdemeter før vi er oppe ved Barstadheia. Ikkje lenge etter at vegen flatar ut så ber det til skogs igjen, og bratt ned mot mål. Første del av stien gjeng gjennom open lauvskog, før den svingar til høgre inn i tett granskog. Stien er god, bratt og godt merka. Når vi kjem ut av granskogen kryssar vi ein skogsveg. Her er ei grind som du må husk å lukke slik at husdyra ikkje forsvinn. Deretter er det berre å spurte dei siste hundre meterane mot mål!
Dette er løpet utan premiar, funksjonærar og løpet foregår på allereide opparbeida stiar. Alle deltakerar deltar på eige ansvar og MÅ ha med seg mobiltelefon (ring 113 ved alvorlig skade).
Løypa i fugleperspektiv
Videoen gir eit greit inntrykk av løypetraseen, men heilt nøyaktig er den ikkje. Sjå kart og beskrivelse for å vite nøyaktig kvar stien går.
Kort løype
Nytt sidan 2020 er ei kortare løype for dei som synest 21.1 km og 42.2 km er for langt. Løypa er 7.2 km og følger same trase som den vanlige løypa, flott sti opp og rundt Brekkeheia med panoramautsikt over Ørsta og Ørstafjorden. Men i det den vanlige fjellmaratonløypa startar på stigninga opp fjellet mot Kråkenakken, så går den korte løypa raskaste veg ned igjen til mål.
Frå konkurranseklassa i 2020. Foto: Arild Foldal
Variert og artig løype på kjerrevei og sti. Foto: Arild Foldal
God stemning! Ørstafjorden i bakgrunnen. Foto: Stig Hole
Oppover fjellet gjeld det å disponere kreftene. Kun teten i konkurranseklassa spring heile veien. Foto: Eivind Flåskjer
Idylliske kulisser! Og ja, i mosjonsklassa må du gjerne ta med hund. Foto: Arild Foldal
Hyttefylket stiller kvart år med norske flagg og stormande jubel på drikkestasjonen på Mostra. Foto: Arild Foldal
Utsikt frå Rambjøra, den tredje og siste toppen over fjellet. Foto: Arild Foldal
Frå Hellevegen, ein heilt spesiell hellebelagt sti med ei spennande historie. Foto: Arild Foldal
Vi har både tidlig og sein start. Dette er start i konkurranseklassa 2016, for dei med dårlig tid 😉
Løypa byr på panoramautsikt midt i hjartet av sunnmørsalpane