Ørsta Fjellmaraton

18. juni 2022

Halv og heilmaraton i hjartet av Sunnmørsalpane. Konkurranse og turmarsj.
Gå til Om løypa og løpet

Om løypa og løpet

Alt du treng å vite

Gå til Påmelding

Påmelding

Meld deg på og bli med på moroa!

Gå til Siste nytt

Siste nytt

Siste nytt og oppdateringar

Halv- og heilmaraton

Langt eller ikkje fullt så langt, konkurranse eller turmarsj, det er opp til deg.
"Det sosiale fjelløpet"

Dette er løpet utan premiar og funksjonærar. Løpet utan høg startkontingent, der det sosiale og gleda ved å delta står i fokus. Eit løp på flotte stiar i den sunnmørske fjellheimen.

Ørsta fjellmaraton har to distansar. Halvmaraton (ei runde) og heilmaraton (to runder).

På runde 2 snur vi retning og spring motsatt vei. Dette gjer vi for at deltakarane skal møte på kvarandre og gjere løpet endå meir sosialt. OBS: Vi har helse og heieplikt når du møter andre deltakarar! :)

Les meir her

  • Du kan endre underveis.

  • Halv maraton, 21km. Turmarsj og konkurranse.

  • Full maraton, 42km. For dei tøffe karane og damene!

God stemning har blitt vårt varemerke

Løypa går i fantastisk omgjevnadar. Men den gode, uhøgtidlige atmosfæra er det deltakarane trekker fram som grunnen til at dei kjem tilbake år etter år.

Frå konkurranseklassa i 2020. Foto: Arild Foldal

Variert og artig løype på kjerrevei og sti. Foto: Arild Foldal

God stemning! Ørstafjorden i bakgrunnen. Foto: Stig Hole

Oppover fjellet gjeld det å disponere kreftene. Kun teten i konkurranseklassa spring heile veien. Foto: Eivind Flåskjer

Idylliske kulisser! Og ja, i mosjonsklassa må du gjerne ta med hund. Foto: Arild Foldal

Hyttefylket stiller kvart år med norske flagg og stormande jubel på drikkestasjonen på Mostra. Foto: Arild Foldal

Utsikt frå Rambjøra, den tredje og siste toppen over fjellet. Foto: Arild Foldal

Frå Hellevegen, ein heilt spesiell hellebelagt sti med ei spennande historie. Foto: Arild Foldal

Vi har både tidlig og sein start. Dette er start i konkurranseklassa 2016, for dei med dårlig tid ;)

Løypa byr på panoramautsikt midt i hjartet av sunnmørsalpane

Sitater

Løping er artig. Og det er ikkje farta det kjem ann på.

Meld deg på , bli med på moroa!